a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

1980 AKER BRYGGE

Fantastiske tilbakemeldingar fra publikum og meldarar!

BA : 5 på terningen i Bergensavisen (ABO- artikkel)  : «Glitrende fra fire menn og en skinnsofa» …»Sårt og sterkt tilbakeblikk»

Bergensmagasinet 5 på terningen: «Grufullt underholdende om overmotets og undergangens tiår».

Bergens Tidende : «Forestillingen er nøyaktig like morsom som den er trist og deprimerende.» (Abo- artikkel.)

1980 – AKER BRYGGE  har gått for fulle hus i Oslo og Stavanger!  Heile fire terningkast med fem og ein seksar har det blitt på familien Kiellands 80-talls drama. Stavanger Aftenblad skriv blant anna følgande etter sesongpremieren på Rogaland Teater i august:

«Statsteatrets norgeshistorieprosjekt blir betre og betre jo tettare det kjem på vår eiga tid. «1980 – Aker Brygge» er tragedien som får deg til å le».

«Dette er teater som både får deg til å le, bli blank i blikket, varm i hjartet, vond i magen og ettertenksam i hovudet. Det er godt gjort, særleg med tanke på kor enkelt det er gjort. Eller, forresten. Det er jo supervanskeleg å gjera dette enkelt. Då Statsteatret lanserte seg for 8–9 år sidan, sa dei at dei ville vera som eit band: Ein gjeng som laga teater med så enkle verkemiddel at dei kunne pakka det dei trengte i ein bandbil, kjøra vidare til neste stad, pakka opp og opptre. Skal slikt nakent teater fungera, fire folk på ein scene, med særs enkel scenografi, er du avhengig av gode idear, gode tekstar og særs flinke skodespelarar. Alt dette byr Statsteatret på i «1980 – Aker Brygge»».

 

1980 – AKER BRYGGE
-Eller kunsten å selje si eiga mor

Bli med STATSTEATRET til 80-talet og til songen om den frie marknaden til tida der lønnsemd, emisjon, korrupsjon, innsidehandel og «milking the cow» blei ein del av vokabularet. Tiåret då off-white blei en farge, og vi alle blei Poco Loco.
Aker Brygge – der draumar blir til, og boblane brest.

Vi møter familien Kielland; ei pensjonert lærerinne, Agnes, og hennar tre vaksne søner. Einar, den eldste, har spesielle behov og bur på institusjon, Wilhelm jobbar i Kreditkassen og yngstemann, Alexander, er eigedomsmeklar.

Alexander drøymer om å bli investor og leike med dei store gutane, men til slikt trengs det jo pengar. Store pengar. Så døyr tante Brynhild. Og ikkje før Agnes har lest testamentet, så bankar jappetida på døra.

Velkommen til familien Kiellands vekst og fall.

Velkommen til Fame, Sweet Dreams og Dancing in the Dark. Vi hadde Faith og møtte mang ei Material Girl som ville Take on Me eller Beat It.

Og om Eye of the Tiger stirra på oss, så stirra vi tilbake. Vi har alle eit Hungry Heart so Wake me up before you Go-Go, cause I see True Colors and I am Walking on Sunshine, så kom igjen, Lets Dance! Nothings Gonna Stop Us Now, Take my Breath Away, Cause I Cant fight this Feeling, Baby, I am Free – Free Fallin´!

We didn`t start the Fire, men vi var alle med på The Final Countdown.
Velkommen til Statsteatrets 8. kapittel av Noregshistoria!
Framsyninga er ein samarbeidsproduksjon.